«Du må kjenne at du høyrer til» – Paraidrett, inkludering og Team Pølsa-effekten med Vilde Nilsen og forskar Linn Engdahl-Høgåsen
NIH-podden · Norges idrettshøgskole
Beskrivelse
Parautøvar Vilde Nilsen var redd draumen om å bli som Marit Bjørgen var knust da ho fekk ein sjeldan bindevevsjukdom som åtteåring. I NIH-podden deler ho si sterke historie – frå stor langrennsglede som barn, via sjukdom og motgang, til å ta VM-gull saman med funksjonsfriske i Granåsen i vinter. Du får også høyre frå stipendiat Linn Engdahl-Høgåsen, som tar NIHs fyrste doktorgrad om paraidrett. Kva skal til for å inkludere fleire barn og unge med funksjonsnedsetjingar i idretten? Korleis kan trenarar, leiarar og foreldre legge betre til rette? Dette er ei inspirerande og lærerik episode for alle som jobbar med idrett, inkludering og folkehelse – og for alle som vil bidra til at fleire får kjenne på meistring og idrettsglede.