Spring til indhold
Episode 26: Behovet for meir leik inn i småskulen - Læringsmiljø i skole og barnehage – UiS podkast

Episode 26: Behovet for meir leik inn i småskulen

Læringsmiljø i skole og barnehage – UiS podkast · Universitetet i Stavanger

5. juli 2024 32m
0:00 32m

Beskrivelse

Mange skular ser no mot barnehagen for korleis dette første året i skulen bør vere, og bruken av «Lekbasert læring» byrjar å bli «vanleg» i 1. klasse. Kan ein tolke dette som eit signal om at det er eit skrikande behov for å få meir leik inn i dei første trinna på skulen? Og kva bør skulane gjere når dei ser «skuleleie» elevar allereie i 2. klasse? Dette var noko rektor Tone Rabben Hølland opplevde på Grannes skole i Sola, og noko som førte til ein omorganisering av opplegget i 1. klasse. No nyttar dei ein kombinasjon av lekbasert læring, frileik og uteskule i 1. klasse ved hennar skule, og dette til glede for lærarane og elevane. No ynskjer rektoren å sjå på moglegheita til å ta med seg leiken inn i 2. klasse også. Dette er gode nyheiter, meiner professor Ingunn Størksen, som har vore med å utvikla lekbasert læring, som svært mange skular no nyttar. Høyr denne podkasten-episoden om lekbasert læring i skulen – og korleis leiken kan få ein meir naturleg plass i 1. klassingane sin kvardag.  Aktuelle tema som vert drøfta i podkasten: Korleis bør dette første året på skulen vere? Kombinasjonen av lekbasert læring, frileik og uteskule Teorien om lekbasert læring og forskinga som ligg bak Kor viktig leik er for born Leiken gjev rom for læring  Les meir: 1.   Meir leik i småskulen har gjeve gode resultat (uis.no) 2.   Bok: Lekbasert læring (uis.no) 3.   Nettsiden til lekbasert læring (lekbasert.no) Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).

Andre episoder fra Læringsmiljø i skole og barnehage – UiS podkast Se alle episoder →